Drap i grisgrendte strøk

Drap i grisgrendte strøk

ein samtale med Martin Baldysz og Randi Fuglehaug

Lørdag 7. nov. 2026 kl. 15:00

Kjøp billett
Hvor: Svanhilds Salong
Pris: 200kr
Varighet: Ca. 60 minutter
Arrangør: Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek

Stundom skjer det slikt som krev ein skarpsynt etterforskar, også der som ingen skulle tru at ein mordar kunne bu. Sånt vert det bygdekrim av, og laurdag 7. november kl.15.00 kan du møta to framifrå forfattar innan krimsjangeren.

Martin Baldysz og Randi Fuglehaug stiller opp til forfattarsamtale i Bibliotekamfiet for å fortelja om bøkene sine, og kanskje litt om jazzmusikk, smalahovud og kva som kan skje når ein ikkje er samd om utmarksgrensene.



Om forfattarane

Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med «Vintertrang» i 2013 og har gitt ut romanane «Vardane» (2022) og «Fallgard» (2024). Han har også gitt ut serien «Brenninger» under pseudonymet Karen Støylen. I 2025 kom den første boka i krimserien om søskenparet Ryer, «Stille grender».

Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er forfattar og journalist, og har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne. Saman med makker Anne Gunn Halvorsen har Fuglehaug skrive den suksessrike ungdomsserien «Halve kongeriket», og i fjor haust gav ho ut den skjønnlitterære romanen «Pent porselen» på Aschehoug forlag. Mest kjent er Fuglehaug for de tre krimromanane om journalisten Agnes Tveit på Voss. Fjerde bok i serien skal lanserast vinteren 2027.