| Hvor: | Svanhilds Salong |
|---|---|
| Pris: | 150kr |
| Varighet: | Ca. 90 minutter |
| Arrangør: | Stjørdal bibliotek & Stjørdal mållag |
Opplev Åshilds musikk vevd saman med Lars Moas framføring av dikt og lyrikk omsett frå færøysk. Saman skaper dei ei varm og språkleg rik oppleving der nynorsken står i sentrum, og der både musikk og poesi får puste i eit felles rom av ettertanke, identitet og kulturelt mangfald.
Åshild Mundal er ein varm og inderleg artist med røtene djupt planta i sognemålet og den norske visetradisjonen. Med jordnære og ærlege tekstar om relasjonar, kjærleik og livsval, formidlar ho musikk som rører, trøystar og gir håp. Åshild er oppvaksen på Hafslo i Luster, og sjølv om livet har ført henne til Stjørdal, ber ho alltid med seg identiteten og særpreget frå Sogn – noko som skin tydeleg gjennom i både språk og uttrykk.
Lars Moa er ein nynorskaktivist og gjendiktaridealist som har omsett færøysk litteratur av alle sjangrar. Han har i mange år vore den einaste omsettaren i Noreg som har omsett færøysk litteratur, så ein kan med rette slå fast at utan hans arbeid, hadde ingen færøyske bøker komme ut på norsk den siste mannsalderen. Etter at han avslutta ungdomsskolelærarkarrieren, har han fått utgitt 27 bøker, og av desse er 9 diktsamlingar.
Søket ditt ga dessverre ingen treff.
