Stjørdal bibliotek: Vegen som vart min

Stjørdal bibliotek: Vegen som vart min

Oddgeir Bruaset ser tilbake

Torsdag 12. mar. 2026 kl. 18:00

Fri entrè
Hvor: Svanhilds Salong
Pris: GRATIS!
Varighet: Ca. 90 minutter
Arrangør: Stjørdal bibliotek og Stjørdal mållag

Oddgeir Bruaset (f. 1944) er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund. Han har skrive eit trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar.

Bruaset jobba i NRK frå 1971 til 2014. Gjennom desse 43 åra har Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene. Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka?

Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.

I denne boka fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep.