Stjørdal bibliotek: Drap i grisgrendte strøk Drap i gris
ein samtale mellom krimforfattarane Martin Baldysz og Randi Fuglehaug
Lørdag 7. nov. 2026 kl. 15:00
Kjøp billett| Hvor: | Svanhilds Salong |
|---|---|
| Pris: | 200kr |
| Varighet: | Ca. 60 minutter |
| Arrangør: | Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek |
Stundom skjer det slikt som krev ein skarpsynt etterforskar, også der som ingen skulle tru at ein mordar kunne bu. Sånt vert det bygdekrim av, og laurdag 7. november kl.15.00 kan du møta to framifrå forfattar innan sjangeren.
Då stiller Martin Baldysz og Randi Fuglehaug opp til forfattarsamtale i bibliotekamfiet for å fortelja om bøkene sine, og kanskje litt om jazzmusikk, smalahovud og kva som kan skje når ein ikkje er samd om utmarksgrensene.
Denne boka vart nominert av Kongsberg krimfestival til Maurits Hansens – prisen for beste debut i 2025 og i år kom den andre, På stedet hvil. Forfattaren bur på ei småbruk i Syltedalen på Sunnmøre, i eit landskap som liknar det ein finn i krimbøkene hans. Baldysz er omsett til fleire språk.
Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen. I 2025 kom den første boka i krimserien om søskenparet Ryer, Stille grender.
Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er forfattar og journalist, og har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne. Saman med makker Anne Gunn Halvorsen har Fuglehaug skrive den suksessrike ungdomsserien Halve kongeriket, og i fjor haust gav ho ut den skjønnlitterære romanen Pent porselen på Aschehoug forlag. Mest kjent er Fuglehaug for de tre krimromanane om journalisten Agnes Tveit på Voss. Fjerde bok i serien skal lanserast vinteren 2027.
Tilstellinga er eit samarbeid mellom Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek.
Søket ditt ga dessverre ingen treff.
