Stjørdal bibliotek: Berre ein kjærleik

Stjørdal bibliotek: Berre ein kjærleik

bokprat med Torvald Sund

Lørdag 6. des. 2025 kl. 15:00

Kjøp billett
Hvor: Svanhilds Salong
Pris: 130kr
Varighet: Ca. 60 minutter

Stjørdal bibliotek tappar i det litterære badekaret og innbyr til eit bokbad med Torvald Sund. Denne gongen vil han fortelja om den nyaste boka si, «Berre ein kjærleik» , som avsluttar trilogien om fiskarbondefamilien Yttersia frå Fosen. Dei to fyrste var «Seglet og dansen» (1999) og «Bøt nota, fang livet» (2016).

Som forfattar står Sund i den folkelege, trønderske forteljartradisjonen som har eit alvor som er stort nok til å romma låtten og det gjeld også denne utgjevinga. 

Sjølve trilogien spenner over dei dramatiske åra mellom slutten av den fyrste og den andre verdskrigen og skildrar eit samfunn der kvardagen er hard, men ikkje håplaus, så lenge ein har trua på kjærleiken.

Bokpraten vert arrangert av Stjørdal bibliotek og Stjørdal Mållag.