Torvald Sund fortel om "Sildbøtta"

Forfattarstund med Torvald Sund.

 

På slutten av 1960-talet sit ein ung mann med store vyer på bussen.

Teodor Skille er veg frå ei fiskarbygd på Fosen til Trondheim for å gå på gymnaset.

Endeleg skal det nye og spennande livet taka til.

Men kor lett er det å byrja på nytt, med ei lett påtvungen sildebøtte heimafrå i handa?

 

Det kan Torvald Sund, forfattaren av «Sildbøtta», fortelja meir om.

I nesten 40 år har han skapt ugløymelege soger med skjemtande alvor for både vaksne og born. Den som ein gong har møtt onkel Oskar vil alltid hugsa saueosten hans.

 

Og den som ein gong har møtt studenten Teodor hugsar sildebøtta hans.

Det gjer også dei som ein gong møtte den unge Torvald frå Råkvåg, med ei heilt lik bøtte i handa.

 

Resten vart ei historie som du kan få høyra i bibliotekamfiet onsdag 17.10. kl.19.00.

 

_
_
_