No ser eg atter

I samband med 200 års-jubileet for Aasmund Olavsson Vinje sin fødsel har Ragnhild Vannebo plukka ut fleire dikt og andre "godbitar" frå boka Ferdaminne.

Musikarane John Pål Inderberg og Øyvind Nygaard spelar med, rundt og innimellom tekstane.


Med utgangspunkt i den vedunderlege prosasamlinga hans tar dei deg med på Vinje si ferd gjennom eit  by- og bygde-Noreg han kommenterer på uvanleg ærleg vis.
Ferdaminne har også nokre kjende dikt, slike som «Langs ei aa» (inspirert av Orkla) og «No ser eg atter slike fjell og dalar». Desse vart seinare tonesette av Grieg og vi får nyta både tonar og tekst under forestillinga.

_
_
_