Bokprat med Rakel Solstad - I for internatunge

I dei siste åra har vi sett ei auka interesse for dei blinde flekkane i norsk historie. Fartein Horgar sin romanserie om norsk slavehandel er eit døme. Eit anna er Rakel Solstad sin nye roman, «I for internatunge», om skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då meir enn kvar tredje sjuåring måtte flytta på internat. På eit bakteppe vove av grensevern og fornorskingspolitikk trer soga om Elis, Arno, Frans og Máret fram, ei sår og brutal forteljing om draumar og heimlengt, det å vera den minste på sovesalen, og kva som kan skje når det myrkaste i mennesket slepp laus.

_
_
_