1

Bokbad med Carl Frode Tiller

Endeleg har det lukkast oss å få Carl Frode Tiller til Stjørdal. Han har lenge stått på ynskjelista vår.

Carl Frode har vunne mange prisar for diktinga si. Han fekk Vesaas debutantpris for «Skråninga» i 2001. Same året fekk han P2-lydarane sin romanpris for same boka. Boktriologien «Innsirkling» er det verket han har fått flest prisar for. Han vann Brageprisen i 2007, Kritikkarprisen i 2008 og vann EUs  literaturpris i 2009. I alt har han vunne 12 prisar for diktinga si.

Tiller skriv og skodespel. Det Norske Teatret sette i 2011 opp «Innsirkling». Her på Stjørdal vart «Folkehelsa» spela av Nord-Trøndelag Teater i 2015. Då med stjørdalingen Maren Bjørseth som regisør.

Det er såleis ein uvanleg god (nynorsk)forfattar vi får møte denne kvelden

 

Foto: Aschehoug

_
_
_