Turnéteatret: Jakob og Neikob

Ei humoristisk og musikalsk reise inn i det ukjende.

Jakob og Neikob er to gode vener som bur i lag, men er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt.


No har dei to venene akkurat oppdaga at dei har fått ein ny nabo. Jakob blir glad, men Neikob er svært skeptisk og byggjer eit høgt gjerde. Jakob byggjer ei bru, men har ikkje Jakob høyrt at ein ikkje skal snakke med framande? Då naboen plutseleg dreg att gardina, meiner Neikob at det syner at Naboen har noko å skjule!


Kari Stai sine bøker om Jakob og Neikob har blitt moderne klassikar for barn. Bli med Jakob og Neikob på ei reise inn i det ukjende, og sjå korleis historia deira endar godt først når dei to samarbeider.


 


Basert boken av Kari Stai


Regi: Morten Røsrud


Scenografi og kostymedesign: Mari Lotherington


Lyddesign: Andreas Wangsbro



Forestillingslengde: 1 time 10 minutter (ingen pause).


Turnéteatret i Trøndelag 


Billetter til Turnéteatret: Jakob og Neikob

  1. Lør 4. des kl 18:00 290/230 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_