Stjørdal bibliotek: Guri Sørumgård Botheim – Høgfjellsmeldinga

Velkomen til forfattarbesøk med Guri Sørumgård Botheim! Tittel Start Slutt Arrangør Sted Tittel Stjørdal bibliotek: Guri Sørumgård Botheim – Høgfjellsmeldinga Start lørdag 11. nov 2023 15:00 Slutt 11. nov 2023 16:00 Arrangør Stjørdal bibliotek, Stjørdal Mållag Sted Bibliotekamfi Les mer

lørdag 11. nov 2023 15:00 torsdag 1. jan 1970 01:00 Bibliotekamfi
Kjøp billetter

Fakta

Dag 1 11. nov 2023 15:00:00 - 16:00:00RArrangør Stjørdal bibliotek, Stjørdal Mållag Sted Bibliotekamfi Kategori Foredrag

Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta nyleg til nabokommunen Dovre, etter mange år i Trondheim. 

"Høgfjellsmeldinga" er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.

 

Forlaget si omtale av boka:
Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller.

Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

 

 

Arrangementet er i samarbeid med Stjørdal Mållag.

Relaterte aktiviteter