Turnéteatret: Eg er vinden av Jon Fosse

Ei forteljing om to venner og ei ufatteleg hending. Tittel Start Slutt Arrangør Sted Tittel Turnéteatret: Eg er vinden av Jon Fosse Start fredag 5. nov 2021 19:00 Slutt 5. nov 2021 20:15 Arrangør Turneteatret i Trøndelag Sted Storsalen Les mer

fredag 5. nov 2021 19:00 fredag 5. nov 2021 20:15 Storsalen
Kjøp billetter
05.11.202119:00 Daniel

Fakta

Dag 1 5. nov 2021 19:00 - 20:15RArrangør Turneteatret i Trøndelag Sted Storsalen Kategori Teater

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet.

Når framsyninga startar er dei i ein båt ute på havet, der dei kjempar for å forstå kvarandre og for å skape meining. Kvifor ser dei så ulikt på verda, dei som eingong var så like? Og korleis kan dei setje ord på noko dei ikkje forstår?

Mange blir råka når ein person tek livet sitt, men dette er vanskeleg å snakke om. Når vi ikkje vågar snakke om psykisk helse, misser vi også evna til å gjere det.

Med denne framsyninga vil vi få fram og romme ein vanskeleg og samansett tematikk frå teaterscena. Eg er vinden tek oss med på ei meiningsfylt reise gjennom vennskap og glede som blir fletta i kvarandre, slik livet sjølv faldar seg ut i greiner av hendingar. Det gjev håp og styrke til å setje ord på det uforståelege.

Av: Jon Fosse

Regi: Nora Evensen

Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara

Med: Terje Ranes og Tore B. Granås

Columbine Teaterförlag

Turneteatret i Trøndelag

86668, click to open in lightbox

Relaterte aktiviteter