Fakta
Dag 1 14. feb 2021 19:00 - 20:30RArrangør Stageway Sted Storsalen Merknader ticket_type=normal Kategori DansMe er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album "Fatig ferdamann". Det var ikkje i planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle.
Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!
Kritikar frå albumet «Fatig ferdamann»:
«Provoserende bra» – Dagbladet 5/6
«Bekrefter det gode ryktet» – Dagsavisen 5/6
«En gjennomført bra plate» – Stavanger Aftenblad 5/6
«Skyhøyt toppnivå hos Odd Nordstoga» – Aftenposten 4/6
«Odd Nordstoga på sitt mest inspirerende» – Ballade
Kritikar frå turnéen «Fatig ferdamann på tur»:
«Et eventyr av en mann» – Unikum 5/6
«Oppriktig og tullete, side om side» – Klassekampen 5/6
«Odd Nordstoga har publikum i sin hule hånd både når han synger og når han forteller historier på bred telemarksdialekt, han er en formidabel formidler» – OPP