Kjartan Fløgstad: Litteratur i krigen

Kjartan Fløgstad er ein veteran mellom norske forfattarar. Tittel Start Slutt Arrangør Sted Tittel Kjartan Fløgstad: Litteratur i krigen Start lørdag 18. sept 2021 19:00 Slutt 18. sept 2021 20:00 Arrangør Etat kultur Sted Vektersalen Les mer

lørdag 18. sept 2021 19:00 lørdag 18. sept 2021 20:00 Vektersalen
Kjøp billetter
18.09.202119:00 Daniel

Fakta

Dag 1 18. sept 2021 19:00 - 20:00RArrangør Etat kultur Sted Vektersalen Kategori Foredrag

 Han vart fødd i 1944 i Sauda. I ein kort periode studerte han arkitektur ved NTH i Trondheim, men skifta over til litteratur og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har vore industriarbeidar i heimbyen Sauda og sjømann på eit lasteskip som segla mest på Sør-Amerika. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Valfart i 1968. Forfattarskapen er uvanleg rik og variert og omfattar lyrikk, noveller, ei lang rekke romanar, krimromanar, essaysamlingar og ulike former for sakprosa, i alt om lag 50 bøker.

Det har gått tre år sidan Stjørdal hadde Fløgstad på besøk, og denne gongen skal han ta for seg dei fem seinaste bøkene sine under overskrifta «Litteratur i krigen – Krig i litteraturen». I desse bøkene har han stilt spørsmålet om kva som står att frå det han kallar Arbeidarklassens hundreår. Svara har han gitt i form av essay om det høge og låge i kulturen, som i boka Etter i saumane frå 2016. Trans-Sovjet ekspress (2017) er ei reiseskildring gjennom ruinane som står att etter Sovjet-kommunismen. Gjennom heile forfattarskapen har Fløgstad skrive songtekstar som er tonesette av mange komponistar og gjengitt i Sandharpesongar (2018). Romanen Due og drone (2019) handlar både om det korte hundreåret 1914-1991 og den nye kalde krigen i våre dagar, medan På æren løs frå 2020 er ei historisk undersøking av kva norske forfattarar sto for under og etter den andre verdskrigen.

Foto: Julie Pike

88898, click to open in lightbox

Relaterte aktiviteter