Forfattarbesøk: Bjørn Hatterud

Tittel Start Slutt Arrangør Sted Tittel Forfattarbesøk: Bjørn Hatterud Start torsdag 4. nov 2021 19:00 Slutt 4. nov 2021 20:00 Arrangør Biblioteket Sted Bibliotekamfi Les mer

torsdag 4. nov 2021 19:00 Bibliotekamfi
Kjøp billetter
04.11.202119:00 Lene Fjellstad

Fakta

Dag 1 4. nov 2021 19:00:00 - 20:00:00RArrangør Biblioteket Sted Bibliotekamfi Kategori Annet

Forfattarbesøk på Stjørdal bibliotek torsdag 4. november

Torsdag 4. november kl. 19.00 arrangerer Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek eit møte med forfattaren Bjørn Hatterud på biblioteket i Kimen.

Bjørn Hatterud vaks opp i arbeidarklassa i ei bygd i Prøysenland som avvikande og skeiv på alle måtar. Han er fødd med ryggmargsbrokk og klumpfot, og har vore gjennom ei mengd smertefulle behandlingar og operasjonar. I tillegg har han vore eit overvektig mobbeoffer, og han er homofil. I dag er Hatterud skribent, frilansar og konsulent i norsk kulturliv. Han har skrive artiklar og essays for heile floraen av norsk presse frå Morgenbladet til Dagbladet – frå Vårt Land til Cupido: Om bilkultur, danseband, funksjonshemmingar, seksualitet og avantgardekunst – om kvarandre.

Som kunstkurator står Hatterud bak utstillingar som har skapt entusiasme, omtalar og gode besøkstal. Han har komponert elektronisk musikk som har fått terningkast seks av kritikarar og som er skriven inn i norsk elektronisk musikkhistorie.

Debutboka, den sjølvbiografiske «Mot normalt» (Samlaget 2018), er kritikarrost og trykt i fire opplag. Hatterud ser på det å vere annleis som ein kime til suksess.

Den siste boka hans, «Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise» (Samlaget 2020), fekk Kritikarprisen for beste sakprosabok for 2020. Det er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa, ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen der ein vaks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område, og ikkje minst til ei mor. I tankar og samtalar reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden.

Det er ein forfattar med mykje på hjartet du kan møte på Kimen 4. november.

VEL MØTT!

 

Relaterte aktiviteter