Fakta
Dag 1 23. okt 2021 14:00:00 - 15:00:00RArrangør Noregs mållag Sted Bibliotekamfi Kategori KonsertKonsert med rockepoeten Tom Roger Aadland
Tom Roger Aadland gav nyleg ut «Motgift», som er det niande soloalbumet hans. Han har også skrive songtekstar for artistar som Hellbillies, Vamp og Marion Ravn. I haust vitjar han norske scenar med sine kritikarroste gjendiktingar av nobelprisvinnar Bob Dylans unike songar. Aadland har tatt for seg dei to Dylan-albuma mange reknar for hans aller største meisterverk, «Blonde on blonde» (Blondt i blondt) og «Blood on the Tracks» (Blod på spora), og gjendikta dei låt for låt.
I fjor gjorde Aadland eit knippe splitter nye Dylan-gjendiktingar for Det Norske Teatret si suksessframsyning «Vikla inn i blått». Dagsavisen kalla dette ein «Dylan-konsert for historiebøkene», og skreiv også «I Aadlands tolkninger ligger både råskapen og poesien, det politiske og det humanistiske».
Tom Roger Aadland er også kjent for radiolåtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag», og kjem til å inkludere eige stoff i konserten på biblioteket. Det er duka for ei heilt spesiell konsertoppleving når han stiller med munnspel og gitar og med Dylan på nynorsk på programmet.
Møt opp og bli med på feiringa av Bob Dylans 80-årsjubileum!
Arr: Stjørdal bibliotek/Stjørdal mållag