Fakta
Dag 1 4. feb 2023 15:00:00 - 16:00:00RArrangør Kimen kulturhus Sted Vektersalen Kategori ForedragI 2021 kom CD-en «Å dikte» ut i samband med ei markering av at det var 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Henning Sommerro har tonesett ti dikt av Jonsson som han og cellisten Øyvind Gimse har spela inn på CD-en. Og det er stoff frå denne plata dei to framfører i Kimen.
Skodespelar Ragnhild Vannebo har vore mange gonger i biblioteket på Stjørdal med program om mange kjente og kjære forfattarar. Denne gongen både fortel ho om lyrikaren Tor Jonsson og les nokre av dikta hans.
I 1999 kom boka «Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson» av Ingar Sletten Kolloen ut. Baksideteksten på boka seier: «Da Tor Jonsson knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar, sjølvstendig og myndig i tanke som i form.
I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd, eld mot kulde, medan han som journalist stod fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.
Mellom dei etterlatne dikta fann dei eitt med sluttlinja: ‘Eg åtte ikkje kjærleik’. Setninga oppsummerer fortvilinga hans, men gir neppe heile forklaringa på kvifor denne diktaren, som har skapt nokre av våre varaste kjærleiksdikt, valde døden framfor livet.»
Vel møtt i Vektersalen i Kimen kulturhus 4. februar kl.15 for å bli betre kjent med den fantastiske diktaren Tor Jonsson!